139 Views

Leverer ferdigtilpassa isolasjonspanel til fiskeindustrien

Fresvik Produkt leverer ferdigtilpassa isolasjonspanel til kjølerom, fryserom og næringsbygg i fiskeindustrien. Dette er eit 100 prosent norsk produkt som det er kort leveringstid på, og som er enkelt å montere.

Januar 15, 2020
Skrevet av:

Forfatter

Fresvik Produkt har produsert kjøle- og fryserom sidan 1980, og er i dag den einaste norske produsenten av isolasjonspanel til kjøle- og fryserom. Selskapet kan levere alt frå det minste kjøle/fryserommet gjennom eit veletablert forhandlarapparat, til større prosjekt i nært samarbeid med entreprenør, arkitekt/konsulent og byggherre.

Fresvik kjøle- og fryserom kan leverast komplett med veggar, golv, tak og dørar eller portar. Produsentens storleik, kombinert med ei bevisst satsing på fleksible produksjonsløysingar, set dei i stand til å levere kundetilpassa løysingar. Isolasjonspanela er laga av sandwichelement med oppskumma polyurethan som kjerne, innkapsla mellom to stålplater.

Basert på modular kan Fresvik Produkt skreddarsyr dei løysingar for både næringsmiddelindustrien, insitusjonar og storkjøkken, skip og offshoreinstallasjonar. Selskapet er i dag marknadsleiar på kjøle- og fryserom til daglegvarehandel, bensinstasjonar og storkioskar. Hovedkontor og produksjonsanlegg ligg i Fresvik i Sogn. I tillegg finst det eit salskontor i Drammen. Selskapet har rundt 45 tilsette.

Følg oss på sosiale medier