184 Views

PRESSEMELDING – Marin Teknikk AS

August 25, 2022
Skrevet av:

Forfatter

Marin Teknikk har utvikla nytt innovativt kombinert fiske- og fangstfartøy for trål og krabbefiske med moonpool, og signert designkontrakt for ett fartøy

Marin Teknikk har inngått avtale med Frøyanes As, Co. Ervik Havfsike på Stadtlandet, for å utvikle og levere design- og engineering til eit nytt og banebrytande kombi fiskefartøy for tråling og krabbefangst. 

Det dreier seg om eit nyutvikla innovativt kombinert fiske- og fangstfartøy for hekktråling og krabbefiske med teiner gjennom dragerbrønn/moon-pool. Måten dette er arrangert på vil gi ein mykje meir skånsom fangst, så vel som ein tryggere arbeidsplass for fiskarane. Det nye fartøyet vil bidra til ein meir bærekraftig fangstmetode og bedre reproduksjon for krabben, siden hunkrabben blir mindre påvira av fiskeriet, og dermed ein mindre belastning og påkjenning på krabbebestanden enn idag. 

Dette designet med sine løysingar vil auke effektiviseringa av fiskeriet, sidan fartøyet er mindre sårbart for is-, sjø- og værforhold. Fartøyet vil bli  utrusta  med  spesialtilpassa  og  nyutvikla utstyr, til dømes optimalisert konvensjonell/diesel elektrisk framdriftsystem og optimaliserte skroglinjer som gir energibesparelse. Fartøyet er også utvikla med høg fokus på  varmegjenvinning. Båten er arrangert med trippel trål system og ikkje minst ein ny vinsje- og «hale»-løysning  for krabbe, samt nyutvikla fabrikkar med produksjonsanlegg for både reke og krabbe. Fartøyet får også eit eige forsknings-laboratorium for forskning på snø krabbe og andre marine artar.

Det nye fartøyet som er under bygging, vil representere noke heilt nytt i dette markedet. Ein dragerbrønn, på engelsk og i offshore-teknologien kalt en moonpool, er en brønn eller ein tank som har ein åpning ned mot sjøen i bunnen av fartøyet. Ei slik løsning for linefiske har vært på markedet i 20 år, nå er det Marin Teknikk AS og Ervik Havfiske som skal ta teknologien eit steg videre, og på sitt nye skip ta i bruk dagerbrønn ved krabbefiske. 

Fartøyet får ei lengde på 70 meter og lugarkapasitet for 35 personer og skal drive fiske i norske- og barentshavet etter reke og snøkrabbe og bygges med høg isklasse. Designet har fått benevnelsen MT1217 Stern Trawler & Crab Catcher. 

Fleire anerkjente leverandørar fra Norge og Skandinavia får nytte godt av kontrakten med utstyrs leveransar til fartøyet.

Dette er den 13 båten Marin Teknikk har designa for det framoverlendte Ervik Havfiske på Stadt. 

Kontrakta bekreftar Marin Teknikk sin posisjon i det krevjande og ikkje minst spennede markedet innanfor for design av fiskefartøy. 

Salgsdirektør Richard Gjerde påpeiker at dette er ei svært gledelig og viktig kontrakt i eit krevjande marked. «Det er no vel eit år sidan vi starta arbeidet med å utvikle prosjektet i lag med Ervik Havfiske og vi er svært glade for endeleg å få sleppe nyheita for dette spennande nye designet. Vi har jobba tett med Stig og Kjell-Magne Ervik og teamet deira i omlag 25 år og vi føler at dette er ein anerkjennelse av arbeidet vårt med å tegne nyskapande, trygge, praktiske, miljøvennlige og kosteffektive fiskefartøy spesialtilpassa dei forskjellige fiskeria og havområda rederiet operer på. I 2000 designa vi også den fyrste fiskebåten som var bygd med diesel elektrisk framdrift til same rederiet. Vi har også tegna fleire line båtar til dei med både moonpol og sidehalingsystem som har vist si dugeligheit i svært krevjande havområder over heile verda i mange år. Vi trur dette nye designet vil sette ein ny standard innanfor krabbefiske».  

Verftet, Tersan Shipyard i Tyrkia, har fått oppdraget med å bygge båten som skal være klar for levering i slutten av 2023. 

 

For ytterligere informasjon:

Salgsdirektør Richard Gjerde, tlf. 90 20 80 14, e-mail: rkg@marinteknikk.no

Daglig Leiar Svein-Rune Gjerde, tlf. 911 89 888, e-mail: srg@marinteknikk.no

Marin Teknikk AS, 23 august 2022

Følg oss på sosiale medier